Velg en side
 

VI UTFØRER DET MESTE INNEN TRADISJONSBYGG, FRA GRUNNMUR TIL MØNE.

Nedre Jølster Bilelelag as består av fem tømrarar / møbelsnikkarar som dei siste tjuefem åra har arbeidd primært med restaurering av stavkyrkjer, nyare kyrkjer, lafta hus, sjøhus i grovt bindingsverk og grindbygg på nordvestlandet. Mange prosjekt har vore svært omfattande, med alt frå fundament og grunnmur, til ulike typar tekking av tak.

På Øyrane i Førde har vi produksjonshall for restaurering av gamle, og bygging av nye tradisjonsbygg. Vi har og snikkarverkstad, der vi reparerer og lagar nye bygningsdeler som til dømes dører, vindauge og liknande.

På oppdrag frå riksantikvaren, har vi reparert stavkyrkjer og andre freda bygg i fleire fylke og halde kurs i vestlandsk byggeskikk og restaurering. Vi har dei siste ti åra hatt samarbeid med Arkitekt og Design Høyskolen i Oslo (AHO), der vi har vore instruktørar på praktiske kurs i fullskalabygging med tradisjonskonstruksjonar.

Vi kan tilby ein mangfaldig kompetanse, tufta på lang og brei erfaring i prosjektering av, og arbeid med gammal byggeskikk.

Se oss i aksjon

Demontering

Oppsett

Har du prosjekter som skal gjennomførast. Kontakt oss gjerne.

For fleire bilete og prosjekter følg oss på sosiale medier